Drøm
torsdag 26. august 2010
onsdag 25. august 2010
Wednesday 25
August
Haust! Telys.
4 månadar til 1. juledag.
Koselig.. ?
Nokon klippa håret kort til sommaren. Eg gjer det til hausten.
Kanskje det blei litt for kort?.. Det veks vel ut igjen.
Idag har eg kjøpt meg nytt objektiv til kameraet.
18-200mm. Eg har lyst til å ta bilde av ein måse.
Her er det ingen måsar.
Men her er ein katt!
Mor har nye sjåglas. Eg stjal dei litt.
Ein anna dag blir det kanskje meir vettug bruk av linsa.

søndag 1. august 2010
Fjols til fjells!
Før "fjellsesongen" begynte laga eg ei liste over alle fjelltoppane eg skulle på i 2010. Eg har ikkje vore på nokon av dei enda, på tirsdag skjer den første toppturen, og kanskje den blir den beste i år: Bispen!
Bispen ruver 1462 m.o.h oppe ved Trollstigen, rimelig bra utsikt då kan du sei ;)
Eg trur det blir dritbra, rett og slett. Og eg kryssar alt eg kan for at det skal bli finevêr!
Kanskje denne turen blir ein kickstart på min sesong for toppturar, og eg flyg opp alle fjellryggar etter tirsdagen. Det er lov å håpe. Wish me luck.

Fra venstre: Bispen - Kongen - Dronninga
mandag 26. juli 2010
Summa summarum
Vel heime og like heil. Eg var kriminelt dårleg til å oppdatere bloggen då eg var på tur, men det er vel kanskje eit teikn på at eg hadde det kjekt? Vi opplevde ivertfall mykje bra, og no slit eg litt med å få alle inntrykka på plass. Om du spør meg kva som var kjekkast eller best osv, kan eg ikkje gje deg eit godt svar. Turen var topp, det veit eg! Her er landa i kronologisk rekkefølgje: Polen, Tsjekkia, Østerrike, Ungarn, Slovenia, Kroatia, Italia, Sveits, Tyskland og Nederland. 25 dagar på reisefot!
Her heime på sunnmøre har det visst vore ganske dårleg sommarvêr - vi hadde strålande sol nesten kvar dag. Kanskje to dagar med skyer? Svetten rant, alt var klamt, so dei dagane vi hadde mogelegheit til å bade var det prima. I byane var det verre, men eg klagar IKKJE ;)
Det var ikkje berre leik og moro på turen. I Polen var vi i Auschwitz og Birkenau, eit besøk som etterlot mange følelsar. Då vi var der var eg sjokka, kvalm, sint og utan ord. I eit av husa var det hengt opp bilete av mange fangar. Skamklipte, utsulta, forslåtte. Ein av fangane hadde augene fulle av tårer, det biletet satte meg heilt ut. Hadde mest lyst til å sette meg ned og grine. Godt å ver heime og få kontroll på følelsar og tankar.
Sidan vi hadde lite peiling på korleis det såg ut i dei forskjellige byane vi reiste til, so kjendes det ut som at vi var på oppdagelsesferd. Plutselig dukka det opp ei heilt fantastisk bygning, flott utsikt, et koselig torg og eg vart som regel fascinert. Vi reiste for eksempel til byen Pula i Kroatia, berre på grunn av navnet. Vi ante ingenting om plassen, heldigvis for oss var der ganske formidabelt og vi hadde 2 fine dagar der.
I Slovenia besøkte vi ein kjekk kar vi blei kjent med på pilgrimsturen i Spania i 08. Då vi traff han i Maribor, var det som om vi hadde sett han i forige veke, ikkje kleint slik som eg hadde sett for meg - godt :)
Etterkvart blei det vanskeleg å finne billig overnatting, og eit telt vart sterkt sakna. I Italia var det umulig å oppdrive sportsbutikka som solgte ønska utsyr. I Sveits var hellet med oss og eg kjøpte meg eit oransje 3-mannstelt - perfekt for 2 tulne piker. Ironisk nok so var teltet laga i Italia.
Det skulle vise seg at silkeposane vi hadde med oss ikkje var varme nok i telt. Vakna i 4-tida, då var det "bikkje-kaldt" og det vart litt hutring og stotring. Men vi overlevde (so vidt) med hengekøye og handduk som dyne.
Nederland var liberalt og flatt. Amsterdam har alt du kan tenkje deg - og meir. Muligens den byen som fikk augebryna mine til å heve seg mest.
So, då har eg prøvd å få fortalt litt om reisa, det er godt mogeleg at det kjem fleire innlegg om turen når eg plutseleg har kome på noko ;)

torsdag 8. juli 2010
Ein kvil i Kroatia
No har vi pryda strendene i Pula i to dagar. Her er det herleg - koselig plass!
Skulle gjerne ha lagt ut nokre bileter, men det lar seg ikkje gjere her og no :)
I morgon reiser vi vidare, opp grytidelig og ta baat til Venzia!
Vi er saa heldige at vi faar besöke Nathalie i Jesolo, tipper at det blir nokre late dagar der med.
Akkurat det to töffe, kjekke, norske interrailera treng ;)
Italia blir det 7. landet paa reisa, gjett om eg har mykje og fortelje og vise!
Eg har nokon historie til barnebarna for aa sei det slik!! hohoo..
Eg faar nokre timar med bilderedigering naar eg kjem heim, kjenner eg klör litt i fingrane :)
Caroline seier HEI! og det var alt ho ville seie for denne gong.
Eg vonar at alle dykk heime har det bra!
Det var alt for no, skriv gjerne ein kommentar - kjekt for oss det! :)
Take care, peace out.

torsdag 1. juli 2010
Gronn lampe, kvite prikkar . .
Siste dagane har gaatt fort, og vi har faatt sett masse!
Auschwitz Birkenau
John Lennon wall i Praha
Likframvisning i Brno
Glade og tullete i Wien!
Caroline teikna flotte teikningar
No er vi i Budapest og her er det sikkert bra. Det MAA det vere.
Vi skal kose oss her like mykje som vi har gjort alle dei andre plassane!
mandag 28. juni 2010
Dag 1 - Krakow
Herre min skapar for ein nydeleg by!
Her er det ikkje langt i mellom hogdepunkta..
Kom hit i dag tidelig, etter ei sovnlos natt paa Gardermoen.. Sov litt paa flyet, men store og smaa pobelunga saboterte den planen litt..
Minste guten serverte ein fin ein oppe i lufta:
"WOHO! Mamma, eg kan sjaa JESUS her oppe, jo"
Da maatte eg flire :)
Idag har vi for det meste slappa av, og det desidert deiligste var pedikyr, fransk manikyr og ansiktsmassasje.. Sistnevnte varte i ein time. H E R L E G !!
No er det snart tid for aa finne loppekassa.
Vi sov paa Dizzy Daisy Downtown.
Kult navn?
Det syns vi og!
xoxo

Abonner på:
Innlegg (Atom)